Vestland vil hjelpa næringsliv og frivillig sektor

Fylkeskommunen er i gong med å finne dei beste tiltaka for å hjelpe næringsliv, kultursektoren, idrett og frivillige organisasjonar.

VESTLAND: – Vårt viktigaste bidrag i den nasjonale dugnaden er no å gjere det vi kan for å sikre livsgrunnlaget for enkeltpersonar, bedrifter og organisasjonar, seier fylkesordførar Jon Askeland.. Her er Svein Sunde frå Gode Vegar AS i samtale med fylkesordførar Jon Askeland frå eit tidlegare møte.  Foto: Anna Wuttudal (arkiv)

Nyhende

Korona-viruset har ført til full oppbremsing av aktiviteten på ein stor del av sektorane i fylket. Både politikarar og fylkesrådmannen følgjer utviklinga tett.

– Vårt viktigaste bidrag i den nasjonale dugnaden er no å gjere det vi kan for å sikre livsgrunnlaget for enkeltpersonar, bedrifter og organisasjonar. Leiinga i fylkeskommunen følgjer situasjonen tett for å legge til rette for dette, seier fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, i ei pressemelding.

Stønad trass avlysingar

Fylkesordføraren har bestilt ei sak frå administrasjonen om kva tiltak Vestland kan bidra med for å halde hjula i gang for flest mogleg i denne situasjonen. Saka femner alle område der fylkeskommunen kan bidra. Saka skal opp i fylkesutvalsmøtet torsdag 26. mars, som vert avvikla som videomøte på grunn av korona-situasjonen. Fylkesordføraren er også i tett kontakt med LO og NHO for å drøfte løysingar.

Eitt grep som alt er tatt, er å utbetale støtte fullt støtte til kulturarrangement som får stønad frå fylkeskommunen, sjølv om dei må avlyse på grunn av virus-situasjonen. Dette er viktig for å sikre forutsigbarheit for aktørane i kulturlivet i denne vanskelege tida.

– Vi ser føre oss at det er ein del tiltak vi kan sette i verk på kort varsel. Opprustings- og vedlikehaldsprosjekt på bygningsmassen vår er til dømes eitt grep som vil kunne gje aktivitet for entreprenørar og handverkarar i alle delar av fylket. Vidare har vi ein del planlagde arbeid på fylkesvegnettet, som vil vere verdifulle for anleggsbedrifter. Det er derfor naturleg at vi i denne situasjonen legg til rette for tidlegare oppstart av desse arbeida så tidleg som råd, seier Askeland, i pressemeldinga.

Dialog med reiselivsnæringa

Fylkesordføraren ser ifølgje pressemeldinga at det er nokre område, der strakstiltak vil ha avgrensa effekt.

– Samstundes er det andre område der det er vanskeleg å ta grep som gjev rask effekt, slik som til dømes innan reiseliv, der det kan ta lang tid å kome i gang att etter ein slik periode med avbestillingar og reiserestriksjonar. Fylkeskommunen vil ha tett dialog med bransjen, for å få opp att drifta.