Ser mot Sunnfjord

Det er ein god tone mellom leiar i Nordfjordrådet Alfred Bjørlo og Sunnfjord-ordførar Olve Grotle. Arkivfoto: Anna Wuttudal 

Nyhende

Ordførarar frå Stad, Gloppen og Stryn og kommunedirektør frå Stad og rådmann frå Gloppen har hatt møte med ordførar Olve Grotle og kommunedirektør Ole John Østenstad frå Sunnfjord kommune. På møtet vart dei samde om å starte arbeidet med å greie ut spørsmålet om eit framtidig regionsamarbeid mellom kommunane Gloppen, Stad, Stryn og Sunnfjord. Utgangspunktet er å sjå på kva ein kan samarbeide om, og i tillegg vere opne for at andre kommunar kan slutte seg til samarbeidet. Dagens situasjon er at Samarbeidsforum i Sunnfjord (SiS) og Nordfjordrådet begge er organiserte om lag likt. Både ordførarane og rådmennene/kommunedirektørane deltar/kan delta på møta. Begge råda har ei sekretær-/saksbehandlarordning. Sjølv om Kinn kommune ikkje har teke stilling korleis tidlegare Flora og Vågsøy kommunar sine medlemskap i høvesvis SiS og Nordfjordrådet skal vidareførast, er Kinn per i dag tilknytt begge regionråda. SiS har hatt eit nært samarbeid med HAFS-kommunane, særleg Askvoll og Fjaler, og ønskjer at døra mot dei ikkje stengt. I Nordfjord er Bremanger med i det administrative samarbeidet, men kommunen har så langt takka nei til å vere med i Nordfjordrådet.