Pause i stengingane på Panoramavegen

Koronakrisa påverkar mange sektorar, og no vert tunneldrifta ved Blakset sett på pause.

BLAKSETTUNNELEN: Panoramavegen har vore stengt i nokre timar på dagtid, men no er dette sett på pause.   Foto: Gro Kjoss Lynge, Vestland fylkeskommune

Nyhende

Fylkesvegprosjekta ved Flo og Blakset er prega av koronasituasjonen landet no er i, men ifølgje ei pressemelding held dei hjula i gong. Det er difor drift på alle deler av prosjekta, men det skal vere redusert aktivitet over alt. Det betyr blant anna at ved fylkesveg 5742 Panoramavegen, som har vore stengt i lange periodar på dagtid i samband med tunneldrift ved Blakset, så er desse stengingane no sett på pause inntil vidare.

– Når det igjen vert innført faste stengingar av vegen veit vi ikkje. Situasjonen kan endre seg frå dag til dag, alt etter som karantenereglane blir stramma inn eller mjukna opp frå sentralt hald, seier Øystein Tytingvåg, prosjektleiar i Vestland fylkeskommune, i pressemeldinga.

Ifølgje pressemeldinga er det redusert aktivitet over alt mykje grunna restriksjonane på innreise i tidlegare Sogn og Fjordane og i tillegg i fleire av kommunane i området.