Helse Førde har testa 48 nye

Ingen fleire har testa positivt

Laurdag ettermiddag oppdaterte Helse Førde sine koronatal.

NYE PRØVER: 48 nye prøver er blitt tatt, men ifølgje Helse Førde har ingen av desse testa positivt for Korona laurdag.  

Nyhende

Etter å ha testa 48 nye, kjem det fram at det er ingen av desse som har testa positivt for COVID-19 laurdag. Det er difor framleis 26 smitta i Sogn og Fjordane og Helse Førde sitt område.

Av desse 26 som er stadfesta smitta er framleis ingen innlagt på sjukehus.

I Helse Førde er det ein av rundt 3000 tilsette som er stadfesta smitta. I tillegg er 76 tilsette framleis i heimekarantene. Det er færre enn det var fredag kveld, då dette talet var 96.