Dei fleste kulturarrangementa blir utsett

Ikkje krise for Operahuset

Sjølv om i alt sju arrangement ikkje kan gjennomførast i Operahuset på først planlagd dato, er det ikkje økonomisk krise så langt.

Alle planlagde kulturarrangement i Operahuset Nordfjord kan ikkje gjennomførast i den komande tida framover på grunn av koronavirus. Men dei fleste av dei er blitt flytta fram i tid, og håpet er å kunne tilby desse arrangementa til publikum seinare. Då vil ein også kunne unngå dei store økonomiske konsekvensane.   Foto: Arkiv

Nyhende

På grunn av utbrot av korona-sjukdom i Norge og fare for smitte lokalt, er det sju arrangement i Operahuset Nordfjord som ikkje blir gjennomført på først planlagt dato. Men berre eitt av åtte planlagde arrangementa er så langt bestemt avlyst, seks arrangement blir flytta til ein seinare dato komande haust eller neste år.