Ein avisveteran i synste går frå borde

Etter 22 år som redaktør i avisa Synste Møre i Vanylven hadde Vidar Parr (67) sin siste dag som redaktør 28. februar.

FØRSTE OG SISTE AVIS: Første Synste Møre kom ut 23. januar 1979. Siste avis med Vidar Parr som redaktør kom ut 28. februar 2020. Alle foto: Per Ole Lefdalsnes 

Vårt motto er å vere lim og lupe.

Nyhende

Ein utflytta vanylving og trufast Synste Møre-lesar, karakteriserer ex-redaktøren slik: Vidar Parr er snusfornuftig og roleg. Det han skriv er velformulert, velovervege, balansert og gjennomtenkt. Han har makta å lage ei god lokalavis ut frå dei ressursane avisa disponerer, og dekkjer godt det som skjer i eit relativt «hendingsfattig» distrikt.