107 med helsefagleg bakgrunn har meldt seg

Helse Førde har i samband med korona – og beredskapssituasjonen bedd om ekstraressursar, og no har 107 personar meldt seg til teneste.

TIL TENESTE: 107 personar med helsefagleg bakgrunn har meldt seg til teneste ifølgje Helse Førde.  

Nyhende

Dette kjem fram i ei pressemelding.

Desse 107 personane skal ha ulike helsefaglege bakgrunnar, men skal ha til felles at dei ønskjer å gjere ein innsats i helsevesenet.

– Veldig hyggeleg at så mange ønskjer å stille opp for å gjere ein innsats. Dette er ei blanding av alt frå svært erfarne fagfolk til folk som enno er i ein studiesituasjon, seier HR-direktør Arne Skjelten i Helse Førde, i pressemeldinga.

96 i karantene

Fredag kveld var det totalt 26 smitta av korona (Covid-19) i Sogn og Fjordane, men ingen skal vere innlagde.

I Helse Førde er det ein av rundt 3000 tilsette som er stadfesta smitta. I tillegg er 96 tilsette i heimekarantene.

Likevel kjem det fram i pressemeldinga at situasjonen ikkje er så kritisk enno at ein må ta inn ekstraordinært mannskap. Helse Førde melde gjennom pressemeldinga at dei vil ta kontakt med dei som har melde seg om behovet endrar seg seinare.