Tek ei tenkepause om Vestkapp

  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

På møte i Utval for areal og eigedom vart det orientert om at Selje kommune tidlegare har gjort vedtak om oppgradering av vegen til Vestkapp, som mellom anna inneber utviding i form av møteplassar og sikring med autovern. Vegen er kommunal, men grunneigarane i området eig grunnen og dei er ikkje interessert i utviding, vegen er god nok for deira bruk. Dei ønskjer ikkje stygge terrenginngrep. Det som til dømes kan vere aktuelt er redusert akseltrykksbelastning og/eller å regulere trafikken med bomveg.