Størst oppgang i fødslar i Selje

Tidlegare Selje kommune hadde 28 fødde i 2019. Ein oppgang på heile seks frå året før.

OPPGANG: Selje kunne nyleg juble for nytt kommunehus. No kan dei også feire seks fleire fødslar i 2019 i høve til 2018. 

Nyhende

Selje kommune opplevde den største oppgangen i talet på fødslar av kommunane i Nordfjord i 2019. Dei hadde seks fleire fødde enn i 2018. Også Hornindal kommune hadde seks fleire fødslar i 2019 i høve til 2018, frå ti til seksten fødslar. Andre på plussida var Gloppen med to fleire fødslar, 54 i 2018 og 56 i 2019.