Koronasmitte

Må prioritere kva ferjesamband som er viktige å halde oppe

Seks ferjesamband har fått stempelet «Mindre prioritet», og kan bli kuttet om det blir mangel på mannskap som følgje av koronasmitte. Eit av desse sambanda er Stårheim – Isane i Nordfjord.

Ferjesambandet Stårheim - Isane er eitt av sambanda som kan bli lagt ned om det blir mangel på ferjemannskap som følgje av koronasmitte.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Bakgrunnen for saka, som NRK Vestland omtalte først, er at Sjøfartsdirektoratet har bedt fylkeskommunane om å lage ei liste over kva ferjesamband som er viktigast å oppretthalde for å ta liv og helse i vare.

De seks ferjesambanda som har fått «mindre prioritet» i Vestland er:

Langevåg-Buavåg

Skånevik-Matre-Utåker

Kvanndal-Utne

Kinsarvik-Utne

Askvoll-Gjervik-Fure

Isane-Stårheim

I følgje NRK Vestland kan det også bli aktuelt å ta ferjer med mannskap frå ein av dei tre strekningane som er trafikkert med to ferjer.

Det viktigaste for prioriteringslista er om det finst ein omkøyringsveg som kan erstatte ferja.

– Vi har ein del sokalla beredskapssamband som skal oppretthaldast. Der det berre er båt eller ferje som går, skal vi sørge for at det er tilbod som vil vere der, sjølv om det kan bli noko redusert, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal.

Prioritert rekkefølgje

Fylkeskommunen, som har ansvar for 25 av ferjestrekningane i Vestland, prioriterer drifta etter følgjande rekkefølge, dersom mannskap blir rammet av koronaviruset:

Beredskapssamband (definerte ferjesamband)

Samband som knytt saman øyer og fastland

Store og viktige samband som har viktig samfunnsfunksjon

Mindre prioriterte samband der det er omkøyringsalternativ

Samband som har meir enn eitt fartøy i sambandet