Tilbake til dei harde 1930-åra

Lågaste fødselstal på 81 år

Ikkje på 81 år har det vore fødde så få barn i Eid kommune, 46 barn kom til verda i 2019. Vi må heilt tilbake til 1938 for å finne så låge fødselstal.

HISTORISK LÅGT: Denne grafen frå SSB viser at fødselstalet i Eid kommune ikkje har vore under femti i perioden 1951 til 2018. Vi må tilbake til 1938 for å finne så låge tal på fødde barn i Eid kommune som i 2019. Andre år med låge fødselstal dei siste åra var i 2014 med 51 fødde og 2002 med 54 fødde. Men så må vi altså heilt tilbake til 1955 for å finne fødselstal under 55. Talet på fødde har også hatt ein generell nedgang i kommunen sidan toppåret 1992 med 96 fødde. For 27 år sidan var det dermed over dobbelt så mange fødde i Eid kommune, i høve til fjoråret.   Foto: ssb

Nyhende

Tal frå SSB som blei publisert 11. mars viser historisk låge fødselstal for Eid kommune. Berre 46 eidarar såg dagens lys i 2019. Dette er ein historisk negativ rekord, som ikkje har vore sidan 1938. I dette året to år før andre verdskrigen var det også 46 fødde i Eid kommune.