Har kalla inn til ekstraordinært møte

Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V) har kalla inn til ekstraordinært møte i finansutvalet komande torsdag.

Den spesielle situasjonen gjer at kommuneleiinga kjenner trong for å samle finansutvalet for å orientere om status og legge planar vidare framover.  

Nyhende

Tema der er informasjon om status og vidare planar frå Stad kommune knytt til koronasituasjonen og drøfting av korleis det politiske arbeidet skal organiserast i tida framover. Det blir lagt opp til virtuelt møte.