Lesarinnlegg

Hald oppe Stårheim - Isane

Stad og Bremanger kommuner reagerer sterkt på at vi gjennom media i dag er gjort kjent med atVestland fylkeskommune har sett fylkesvegferjesambandet Stårheim-Isane på ei «mindre prioritert»-liste i samband med handtering av korona-krisa.

Vi vil be Vestland fylkeskommune om å ta Stårheim-Isane ut av lista over «mindre prioriterte»fylkesvegferjer, skriv ordføraren i Stad, Alferd BJørlo og ordførar i Bremanger, Anne Kristin Førde, i dette innlegget.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Sambandet Stårheim-Isane er ei av dei mest trafikkerte fylkesvegferjesambanda i vår del av fylket,men ein ÅDT på nær 400 køyretøy pr. døgn.

Det er eit viktig samband for å binde saman bu- ogarbeidsmarknader i Nordfjord, med betydeleg pendlartrafikk i begge retningar. Blant dei som pendlarpå strekninga, er helsepersonell i kritiske funksjonar både i Stad kommune og i Helse Førde. Det er teoretisk sett mulige omkøyringsvegar, men desse gjev svært lang ekstra reisetid – og krev itillegg bruk av anna ferjesamband med kortare opningstider og langt færre avgangar enn StårheimIsane.

Det vi reagerer aller sterkast på, er at vi blir kjent gjennom media med denne avgjerda – som harinnverknad på vår lokale kriseberedskap i våre kommunar – utan at fylkeskommunen har informertoss eller gått i dialog på førehand. Særleg merkeleg er dette i lys av brev frå Fylkesordføraren til ordførarane i Vestland onsdag 18/3,der det ikkje er nemnt noko om at ein slik prosess er på gang, men tvert imot blir forsikra om at«ferjer og hurtigbåtar er kritisk infrastruktur som skal haldast i drift».

Vi vil difor be Vestland fylkeskommune om å ta Stårheim-Isane ut av lista over «mindre prioriterte»fylkesvegferjer, og ta kontakt med våre to kommunar raskast råd for å gjere greie for vidare arbeidmed saka. Vi vil for ordens skuld presisere at dette ikkje må gå på bekosting av ferjesambandet Måløy-Oldeide. I vår kystregion er begge desse sambanda «kritisk infrastruktur», slik Fylkesordføraren omtalar det i sitt brev til ordførarane i Vestland dagsett 18. mars.