Slik vert vêret dei komande dagane:

Fine dagar i vente

Dei komande dagane er det venta lite nedbør og i tillegg litt sol.

I HELGA: Det ser ut til å bli ei grei helg med sol og litt skya vêr. Laurdag ser ut til å bli den finaste dagen.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Dei siste tida har det vore svært skiftande vêr, med både sol, snø og regn. No ser det ut til at det vert nokre fine dagar i vente, ifølgje Yr.

Fredag vert det skya, sol og litt nedbør i store deler av kommunen. Ifølgje Meteorologisk institutt skal det kome nokre snøbyer nord for Stad og Dovre. Laurdag er det også venta delvis skya vêr og sol fleire stadar i Sør-Norge. Dette er grunna eit høgtrykk som kjem forbi, og gjer at laurdag ser ut til å bli den finaste dagen denne helga. Det ser ut til at temperaturane vil ligge på rundt tre grader, men klar himmel betyr også frost på natta, melde Meteorologisk institutt, og oppmodar difor om å vente med å sette ut plantane.

Søndag og måndag ser også ut til å bli greie dagar i områda rundt Indre-Fjordane, med lite nedbør og skya vêr. I områda rundt Selje er det derimot venta noko nedbør søndag, ifølgje Yr.

Opne fjellovergangar

  • Strynefjellet er ope. Det skal vere snø og isdekke. I tillegg skal det vere fare for glatte parti og fare for elg.
  • Filefjell er ope, og har snø og isdekke.
  • Haukelifjell er ope. Det skal vere bart og vått, og fare for glatte parti.
  • Vikafjellet er ope for trafikk, med snø og isdekke.
  • Hemsedalsfjellet er ope og er stort sett bart. Nokre stadar kan det vere glatt.
  • Hol-Aurland er ope, men det skal vere vekslande bart, snø og isdekke. Det skal også vere fare for glatte parti.
  • Tyin – Årdal skal vere ope, og snø og isdekke.