-Næringslivet treng likviditet no!

Næringslivet i Stad og Stad kommune har i dag sendt eit «hastebrev» til regjeringa og til stortingsbenkane i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Stad Vekst, her ved Olav Steimler og Olav Hjelle, og Stad kommune ved ordførar Alfred Bjørlo er djupt bekymra for det lokale nærlingslivet.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Bakgrunnen er at dei er djupt uroa for at den alvorlege situasjonen for dei mange små og mellomstore bedriftene på Vestlandet enno ikkje har «sige inn» i det nasjonale politiske miljøet.