Tøffe tider for butikkane på Nordfjordeid

Men dei fleste held dørene opne

Sjølv om det er tøffe tider for mange av butikkane både i Eidsgata og på kjøpesenteret Alti, så var det torsdag ettermiddag berre eit fåtal som hadde stengt dørene.

Større pågang: Erling Totland, som har bokhandel i Eidsgata merkar auke i salet på klassiske brettspel, puslespel og teiknesaker og andre hobbyartiklar.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Tysdag vart det innført redusert opningstid på kjøpesenteret Alti på Nordfjordeid, frå 10.00 til 16.00, med unntak av daglegvarebutikkane. Den første butikken som stengde dørene var Savanna. Torsdag stengde også Kitch’n og Walk In.