Siri Sandvik, overlege i barne- og ungdomspsykiatri:

–Mest mogleg normalitet i ei unormal tid

– Det er viktig å snakke med barna om den situasjonen vi no er i for å gjere dei trygge og for unngå frykt. Mest mogeleg normalitet i ei unormal tid.

Ver ærleg: Barnepsykiater Siri Sandvik har som så mange andre heimekontor. I dette intervjuet kjem ho med gode råd på korleis vi skal snakke med barn om den utfordrande situasjonen verda er inne i.   Foto: Privat

Til alle som har barn i huset kan det vere eit godt råd å ikkje la radio og TV stå på heile tida

Nyhende

Det seier Siri Sandvik, overlege i barne- og ungdomspsykiatri ved BUP (Barne og ungdomspsykiatrisk poliklinikk) i Nordfjord og viser til at mange barn er uroa og kanskje redde når skular og barnehagar blir stengde, og kvardagen deira blir snudd meir eller mindre på hovudet.