Stengde treningssenter i heile landet

– Vi må berre tilpasse oss

Hamna Aktivitet og Helse, Instinct Nordfjord og Aktiv Trening Eid held stengt i minst to veker. – Eg trur at dei tiltaka som vert gjort er heilt naudsynte, seier Kristian Haga Orheim.

TOMME SENTER: På Hamna Aktivitet og Helse og andre treningssenter rundt om i Norge er det i desse dagar tomt for folk etter at det torsdag vart bestemt at alle treningssenter må stenge dørene i to veker minst.   Foto: Olin Maria Yri

ROS: Rolf Sandøy Os hos Instinct Nordfjord skryt av den norske dugnadsånda.  Foto: OLIN MARIA YRI

Nyhende

Torsdag kom beskjeden om at treningssenter rundt om i Norge må halde stengt, og på Nordfjordeid har Hamna Aktivitet og Helse, Aktiv Trening Eid og Instinct Nordfjord stengt dørene.

– Det kom ikkje overraskande på, så vi var førebudd på at det kom til å skje. Vi hadde allereie laga plan på å redusere gruppetimane. I tillegg har vi god kontakt med kommunen og kommuneoverlegen om kva det er som gjeld, og følgjer dei anbefalingane, seier Kristian Haga Orheim, dagleg leiar på Hamna Aktivitet og Helse.

Fokus på hygiene

Den siste tida fortel Haga Orheim at det har vore mykje folk innom dørene. Dei siste dagane etter at treningsstudioa vart stengt, har det naturlegvis vore heilt tomt på Hamna.

– På fredagar på dette tidspunktet er det mykje aktivitet med både seniortrim og servering etterpå. No er det heilt stille, fortel Haga Orheim.

– Korleis har det vore dei siste vekene?

– Det har nok kanskje vore litt meir avbestillingar på gruppetimane, men på eigentreningsdelen har det vore bra med folk.

– Folk har vore veldig flinke til å vaske etter seg og bruke antibac. Alle har hatt eit ekstra fokus på hygiene, noko som er flott å sjå. Vi kjem nok til å ha eit ekstra fokus på det når vi opnar igjen også. Når vi opnar så vert det nok også færre plassar på gruppetimane slik at avstanden mellom folk vert større. Det er eit tiltak vi må gjere, fortel Haga Orheim.

Trass i at Hamna Aktivitet og helse held dørene stengt, kjem dei til å ha ein nedvask av heile senteret og alt av utstyr.

– Vi vaskar kvar dag uansett, så det vert vaska før opning. Når vi opnar kan det vere at vi må auke reinhaldet for å bli endå tryggare. Det er også viktig at folk vaskar etter seg og held seg unna om ein er sjuk, det gjeld både korona og omgangssjuka, seier Haga Orheim.

Naudsynt tiltak

For Hamna Aktivitet og Helse vert det nokre annleis veker framover, og ifølgje Haga Orheim må dei sjå det an kva tiltak dei skal gjere med medlemskap og betaling.

– No ser vi det an desse to vekene her, og om vi må halde stengt lenger må ein fryse alt av medlemskap. Det vil kome fortløpande oppdateringar, og akkurat no er det ingen som veit kva som vil skje vidare så vi må berre tilpasse oss.

– Eg trur at dei tiltaka som vert gjort er heilt naudsynte, konstaterer Haga Orheim.

– Kva vil dette ha å seie for Hamna?

– Økonomisk vil det ha ein del å seie. Vi har også hatt fokus på å hjelpe folk i gong med trening og livsstilsendring. Dei har gjort ein kjempejobb med å lage seg nye rutinar, så det er veldig leit at det er midlertidig stopp no. Det er også fleire som har trena spesifikt mot eigne mål og konkurransar som dette går ut over.

– Dette er ein utfordrande situasjon også mentalt. Det er difor viktig at dei som er friske held seg i aktivitet ved å trene heime eller gå seg ein tur, seier Haga Orheim.

Kan få store konsekvensar

På Instinct Nordfjord er også dørene stengde, og Rolf Sandøy Os har den siste tida desinfisert og vaska fleire gongar per dag. Han fortel at senteret og medlemmane har tatt smitten på alvor. Då han fekk beskjeden om å stenge dørene torsdag, var det mykje som måtte ordnast.

– Eg har stansa alle betalingar dei neste 14 dagane. Eg såg for meg at fleire skulle melde seg ut, men i staden har eg fått meldingar om at folk ønskjer å betale. Det er heilt utruleg bra og seier noko om den norske dugnadsånda, seier Sandøy Os.

Han opna senteret i fjor sommar, og er litt bekymra for konsekvensane av stengde dører i lang tid.

– Dette kan få store konsekvensar for oss og andre nystarta, i alle fall om det strekk seg ut i tid. Eg er litt usikker på korleis dette vil gå. Vi er nystarta og litt skjøre. Det vert spennande den komande tida, men eg håper på ei positiv utvikling, seier han.

Det har ikkje lukkast Fjordabladet å kome i kontakt med Aktiv Trening Eid.