Harpefossen Skisenter held stengt

Snøen har endeleg kome til Harpefossen skisenter, som må halde stengt grunna koronaviruset.

STENGT: Harpefossen Skisenter held stengt dei to neste vekene.   Foto: Harpefossen Skisenter

Nyhende

– Vi måtte stenge vi også. Vi hadde eigentleg planar om å ha ope, men fekk høyre at vi måtte stenge. Dei fleste skianlegga i Norge som eg veit om, er stengde, seier Tore Kroken Karlsen, operativ leiar ved Harpefossen Skisenter, som fortel at situasjonen vert vurdert i samråd med kommunehelsetenesta.

Stenginga av skiheisane og kafeane kom på eit tidspunkt der snøen endeleg er på plass.

– Det er heilt tragisk. Det er sol, pudder og stengt. Det er eit sørgeleg syn, for å seie det slik, seier Kroken Karlsen.

– Vi prøvar å køyre trakkemaskinene så langt det går. Vi trakkar også langrennsløypene og held dei ved like. Det er fine forhold, kan eg seie med eit sårt hjarta, legg han til.