Fekk gebyr på 3350 kroner

Statens vegvesen hadde kontroll ved Lefdal/Nordfjordeid tysdag og sjåførar fekk gebyr og åtvaring.

KONTROLL: Under kontrollen vart 16 køyretøy kontrollert av Statens vegvesen.   Foto: Arkiv

Nyhende

Tysdag ettermiddag og kveld hadde Statens vegvesen kontroll på Lefdal/Nordfjordeid. Det var 16 køyretøy som vart kontrollert, medan totalt 34 køyretøy var inne på kontrollplassen.

Ifølgje Statens vegvesen hadde ein sjåfør overlasta bilen med 1200 kilo, og eigaren av bilen og fekk difor eit gebyr på 3350 kroner.

I tillegg fekk ein sjåfør skriftleg åtvaring for brot på køyre og kviletida.