Flotte skiforhold på Harpefossen

Med minusgrader, nysnø og sol er det flotte skiforhold på Harpefossen Skisenter.

HARPEFOSSEN: Det er flotte forhold på Harpefossen skisenter denne veka. Neste veke ser også ut til å bli bra, ifølgje vêrmeldingane på Yr.   Foto: Harpefossen Skisenter

LANGRENN: Ifølgje Tore Kroken Karlsen har også langrennsløypene gode forhold.  Foto: HARPEFOSSEN SKISENTER

SNØ: – Det er melde fine forhold framover. Det er fullt køyr her ute no, og vi driv å produserer snø, fortel Tore Kroken Karlsen.   Foto: Harpefossen skisenter

Nyhende

Den komande veka er det for det meste melde minusgrader på Harpefossen skisenter, ifølgje Yr. Fredag, laurdag og søndag ser det ut til at temperaturane kjem til å ligge på mellom minus ei og minus to grader. Det ser ut til at det vert for det meste opplett gjennom helga, men laurdag kan det kome rundt 2 millimeter med snø.

Frå måndag av og fram til neste fredag ser det ut til at det vert opplett og rundt minus ein og minus to grader.

Det ligg med andre ord an til flotte forhold på Harpefossen denne komande veka.

– Det er melde fine forhold framover. Det er fullt køyr her ute no, og vi driv å produserer snø. Det er vinterferie i Bergen heile denne veka. Bergensarane og dei som er heime på ferie er heldige, seier Tore Kroken Karlsen, operativ leiar ved Harpefossen skisenter.

No håpar Karlsen på at vêret framover vert slik som meldingane seier, slik at dei kan drive med snølagring.

– Med dei meldingane som er no, ser det ut til at det kan bli vêrforhold slik at vi får produsert meir snø også neste veke, og kan drive med snølagring opp mot påske, seier han.

Bra med folk

Med opplett vêr og temperaturar rett under null grader, er det mange som har tatt turen til Harpefossen denne veka. Det har også vore fleire dagar med sol.

– Det har vore bra med folk heile denne veka, fortel Karlsen.

– No er det ope på Furehogane og fredag er det skidag for Eid vidaregåande skule og Eid ungdomsskule så då vert alle heisane opna. Frå helga av kjem alle heisane til å vere opne, seier Karlsen.

Fine forhold i langrennsløpa

I tillegg til fine forhold i slalåmløypa, kan Karlsen også melde om gode forhold i langrennsløypa.

– Langrennsløypene, per no har vi trakka alle løypene opp til Brekka. Det er fantastiske forhold der, fortel han.