Desse ordnar i Eidsgata og Kyrkjeparken

Mathilde Johnsen og Isar Torri Gudmundson ordnar rundt om på Nordfjordeid og Selje.

EIDSGATA: Mathilde Johnsen og Isar Torri Gudmundson på plass i Eidsgata. Alle foto: Olin Maria Yri 

KYRKJEPARKEN: Mathilde Johnsen og Isar Torri Gudmundson fortel at dei også har eit prosjekt på gong i Kyrkjeparken.  Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Mathilde Johnsen, kommunegartnar og Isar Torri Gudmundson er på plass i Eidsgata på Nordfjordeid. Det er i samband med nye gatelys og nye trekkerøyr at dei er på plass. Eidsgata vart oppgradert med brustein og lysstolpar rundt 2006, men no skal lysstolpane bytast ut. Gatelysa, som står i vegen for brøyting, skal flyttast til utkanten av gangfeltet og det er graving for å få plass dei nye trekkerøyra.

– Det har gått bra dette. Vi har opna og lagt ned stein. Vi får sjå om det vert jamt. No har vi akkurat lagt siste stein her, fortel Johnsen som legg til at det er frå Almenningen til bedehuset dei har lagt ned arbeid.

– Vi må vente litt før vi veit kva som skjer vidare med resten av gata, fortel Johnsen.

Rydde vegane

Denne veka skal dei ut til Selje. Der er planen at dei skal skjære ned busker og rydde vegane slik at brøytebilane kjem forbi utan problem.

– Det er veldig høge tre og busker der, så det vert høgt opp i klatresele, seier Johnsen.

– Grøntsesongen startar no i desse tider, legg ho til.

Prosjekt i Kyrkjeparken

Det er ikkje berre i Eidsgata og Selje dei har prosjekt på gong. Dei har også eit prosjekt i Kyrkjeparken på Nordfjordeid. Turgåarar har kanskje lagt merke til oppgravingar, dekkspor og mangel på gras fleire stadar. I november tok dei ned ei edelgran og planen vidare er å lage til nye blomar i parken.

– Vi skal fornye litt rundt om i Kyrkjeparken, men vi må vente på litt betre vêr. Der er også ein del busker som vi skal gjere noko med, fortel Johnsen.