Dette skjedde i natt

Slåstkamp på utestad

Denne helga har det vore to snøskred mellom Nordfjordeid og Førde, og slåstkamp på utestad på Nordfjordeid.

HELG: Det har for det meste for ei roleg helg for politiet, som søndags morgon kan melde om snøskreda i Byrkjelo og Våtedalen og slåstkamp på Nordfjordeid.   Foto: Arkiv

Nyhende

Raudt og gult farevarsel

To snøskred på kort tid

Det skal ha gått eit 50 meter breitt snøskred over Hjellevegen på Byrkjelo. Få timar etter kom meldinga om eit 150 meter breitt snøskred i Våtedalen.


Sett bort ifrå snøskreda i Våtedalen og Byrkjelo har det vore fredeleg for politiet denne helga. Innsatsleiar Kurt Hammerø kan fortelje at det einaste han har å melde om søndags morgon er ein slåstkamp på utestad på Nordfjordeid rett etter stengetid natt til søndag.

– Vi hadde to personar som har vore involvert i ein slåstkamp på Magnifikk på Nordfjordeid. Ein person vart frakta til legevakta for mogleg skade i nasen. Begge personane var på staden til vi kom fram. Personane er avhøyrt og forholdet er avklart. Det er ingen alvorlege fysiske skadar, men det vert melde.

Det har også vore festival i Stryn i helga, men ifølgje innsatsleiaren har det vore roleg.

– Det har vore festival i Stryn. Det har gått stille og fredeleg for seg. Det var god stemning, og ingen hendingar, fortel innsatsleiaren.