God plassering i USA

Åge Solheim og dei andre norske alpinistane gjorde det godt i eit universitetsrenn i USA laurdag.

UNIVERSITETSRENN: Åge Solheim køyrde storslalåm laurdag i USA. Det vart nesten topp ti på alpinisten frå Haugen.   Foto: Stig Stenberg

Nyhende

I eit universitetsrenn i Park City i USA køyrde Åge Solheim (Haugen IL) inn til ein 11.-plass i storslalåm laurdag.

I første omgang køyrde Åge i mål på tida 56.60, noko som var 8. beste tid i omgangen. Det var Joachim Bakken Lien frå Norge som hadde bestetid med 55.83 og leia etter første omgang.

I finaleomgangen køyrde Åge inn til 56.88. Med ei totaltid på 1:53.48 vart det til slutt 11.-plass på alpinisten frå Haugen IL. Etter to omgangar var han 1.81 bak vinnaren Joachim Bakken Lien som køyrde inn til siger, 0.64 framfor Filip Forejtek frå Tsjekkia som tok andreplassen.

Det var ein god norsk dag med seks norske alpinistar på dei 13 første plassane. Åge vart fjerde beste frå Norge. Joachim Mjelde køyrde inn til 6.-plass, Gustav Rosberg Vøllo vart nummer 8, Åge nummer 11, Mikkel K. Wahl nummer 12 og Olav Engelhardt Sanderberg nummer 13.