Raudt og gult farevarsel

To snøskred på kort tid

Det skal ha gått eit 50 meter breitt snøskred over Hjellevegen på Byrkjelo. Få timar etter kom meldinga om eit 150 meter breitt snøskred i Våtedalen.

Fredag ettermiddag vart det meldt om eit snøskred som har gått over Hjellevegen og eitt snøskred i Våtedalen.  Foto: ARKIV/ILL.FOTO

Nyhende

Fredag ettermiddag klokka 17:20 skal det ha gått eit snøskred i Våtedalen, mellom Nordfjordeid og Førde. Snøskredet skal ha gått over vegen og skal vere rundt 150 meter breitt og rundt fem meter høgt. Ein bil skal vere tatt av deler av raset. Sjåfør er mann i 40-åra og han skal ha vore åleine i bilen. Han var fort ut av bilen. Ifølgje politiet på Twitter skal sjåfør vere ok men skal ha smerter i rygg. Sjåfør vart tilsett av ambulansepersonell på staden, og skal no vere tatt med til legevakta for sjekk.

Luftambulanse skal ha søkt over området og det er ikkje teikn til at fleire bilar eller personar er i snøskredet. Politiet skriv at det ikkje er rekna som sikkert nok til å gjennomføre søk i rasområdet.

Vegen er stengt, men ein kan køyre om via fv 614 Bremanger og rv 615 Hyen/Sandane. Statens vegvesen anbefaler omkøyring via Fv 614.

Snøskred på Byrkjelo

Ifølgje politiet gjekk det i 15-tida eit snøskred ved Hjellevegen på Byrkjelo. Skredet skal ha gått over Hjellevegen, og skal vere rundt 50 meter breitt og fire til fem meter høgt.

Ifølgje politiet skal ingen vere meldt sakna og ingen skal vere observert tatt av raset. Alle som er busett i området skal vere gjort greie for. Ifølgje politiet skal det vere fem bustadar i det aktuelle området. Desse skal vere ok og i dialog med kommunen.

Naudetatane var på staden og Røde Kors og Norske Redningshunder vart også varsla og på staden. Ifølgje politiet er kommunen orientert om hendinga.

Dårleg vêr påverkar vegane

Det er fredag melde om dårleg vêr både i låglandet og i fjellet fleire stadar på Vestlandet. Fleire fjellovergangar er difor stengt eller har innført kolonnekøyring, ifølgje Statens vegvesen.

Stengde vegar og fjellovergangar (oppdatert 16:38):

  • Strynefjellet er stengt grunna fare for ras og vert ikkje opna fredag.
  • Vikafjellet er stengt grunna fare for ras og uvêr.
  • Hemsedalsfjellet har innført kolonnekøyring grunna uvêr. Det skal vere ventetid frå aust mot vest på rundt tre timar.
  • Filefjell har snø og isdekke med noko redusert sikt. Kolonnekøyring kan innførast på kort varsel.

  • Hol – Aurland er stengt grunna snøras og fare for ras. Det er venta ny vurdering måndag 24. februar. Det er stengt med bom mellom Nilsegard og Osebrekka. Det skal ha gått ras ved Østerbø – Steinbergdalshytta.
  • Årdal – Tyinkrysset er stengt grunna uvêr

Raude og gule varsel

Ifølgje NVE er det sendt ut raudt snøskredfare for Indre Fjordane Varselet gjeld laurdag, men også fredag er det sendt ut eit oransje varsel. Det skal vere størst fare for fokksnø og våt snø. Det er sende ut raudt varsel grunna kraftig vindauking og nedbør i form av snø og regn. Ifølgje NVE kan dette føre til at store skred kan lausne naturleg og oppmodar å unngå all form for skredterreng.

I tillegg til raudt varsel for snøskredfare, er det sendt ut gult varsel for sterke vindkast fredag. Det er venta vindkast mellom 27 og 33 meter i sekundet, spesielt ved utsette stadar.

Ifølgje Yr er det også sendt ut gult varsel for jordskredfare. Dette gjeld for Vestland og vest i Agder. Det er venta mykje nedbør både fredag og laurdag, og under 600–1200 meter over havet vert dette til regn. I løpet av 48 timar er det venta mellom 50 og 130 millimeter nedbør. Grunnvasstanden og vassmetningsgradane i bakken er høg mange stadar, og bratte skråningar, bekkar og elvar er spesielt utsett. Det er også fare for sørpeskred, spesielt stadar der det er 40 centimeter høg snø. Ifølgje Yr kan det også kome flaumskred, som har lang rekkevidd og kan gå heilt ned i dalen.