To fekk åtvaring under kontroll

Statens vegvesen kontrollerte 13 køyretøy på Kjøs onsdag kveld og natt.

KONTROLL: Onsdag kveld hadde Statens vegvesen kontroll på Kjøs.   Foto: Arkiv

Nyhende

Onsdag kveld og natt hadde Statens vegvesen kontroll på Kjøs. Under kontrollen vart tungtransport og køyre og kviletid kontrollert. Totalt 13 køyretøy vart kontrollert, medan 79 køyretøy var inne på kontrollplassen.

Ifølgje Statens vegvesen fekk to sjåførar åtvaring for brot på køyre og kviletida under kontrollen. I tillegg måtte ein sjåfør sikre lasta si betre før vidare køyring.