Kvinne i 40-åra mista lappen

UP hadde torsdag kontroll i 50 sona på Nordfjordeid. Høgste fart målt var 77 kilometer i timen.

KONTROLL: Utrykingspolitiet hadde kontroll i 50 sona på Nordfjordeid torsdag.  

Nyhende

Då UP hadde kontroll på Nordfjordeid torsdag var det ved 50 sona på E39. Totalt seks sjåførar fekk forenkla førelegg grunna høg fart. Den høgste farten var 64 kilometer i timen.

Ei kvinne i 40-åra frå Nordfjord fekk kverrsett førarkortet etter å ha køyrt 77 kilometer i timen i 50 sona.

I tillegg til dette fekk to personar gebyr for manglande bruk av bilbelte.