Fekk gebyr på 8000 kroner

Statens vegvesen hadde tysdag kveld og natt til onsdag kontroll på Lefdal. Fleire fekk bruksforbod og ein sjåfør fekk gebyr.

KONTROLL: Statens vegvesen kontrollerte totalt 16 sjåførar under kontrollen på Lefdal tysdag kveld og natt.   Foto: ARKIV

Nyhende

Totalt 16 køyretøy vart kontrollerte då Statens vegvesen hadde kontroll på Lefdal tysdag kveld og natt. Det var 48 køyretøy inne på kontrollplassen.

Ifølgje Statens vegvesen fekk ein lastebileigar eit gebyr på 8000 kroner for å ikkje ha bombrikke i bilen under kontrollen. I tillegg fekk to sjåførar skriftleg åtvaring for mindre brot på køyre og kviletida.

Ein sjåfør måtte også rydde i frontruta før vidare køyring, medan to sjåførar måtte sikre lasta betre før dei kunne køyre vidare.

Kontroll på Kjøs

Måndag kveld og natt til tysdag hadde Statens vegvesen kontroll på Kjøs der tungtransport og køyre og kviletida vart kontrollert.

Totalt 14 køyretøy vart kontrollert, medan 80 var inne på kontrollplassen i løpet av kontrollen. Ifølgje Statens vegvesen hadde alle sjåførane og køyretøya alt på plass, og det var ingen merknadar.