Bård Inge Fløde:

Må seie nei til dispensasjonssøknaden

– Endringar for tilkomstvegen, slik det er søkt om, vil føre til at ein kjem inn på nye LNF-område (landbruk, natur og fornminne). Det bør ikkje Stad kommune seie ja til.

Innbyggarinitiativet: –Utvalet av detaljer som vi har synt til, dokumenterer grunn nok til konkludere med reguleringsplikt og følgjeleg avslag på søknaden om dispensasjon, seier Bård Inge Fløde. Foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Det seier Bård Inge Fløde, frå Innbyggarinitiativet, som meiner at Stad kommune må seie nei til dispensasjonssøknaden utbyggar har sendt i samband med endringar av tilkomstveg til utbyggingsområdet.