Klart for Hornindalsrennet 2020

Søndag 23. februar går Hornindalsrennet av stabelen for 49. gong.

HORNINDALSRENNET: Komande søndag vert Hornindalsrennet arrangert.   Foto: privat

Nyhende

Komande søndag er det klart for Hornindalsrennet som har røter heilt tilbake til 70-talet. Løypa har endra seg litt i løpet av desse åra, kjem det fram i ei pressemelding. I dei første åra gjekk opphavsmann Oliver Fagerheim og medhjelparane opp løypa for eiga maskin. Sjølve traseen har også endra seg, men dei siste åra har start vore ved Hornindal skisenter i Grendadalen. Dei siste utgåvene av rennet har ein hatt ein rundt 28 kilometer lang trase som har følgt dalen til Honndøla bru, oppom Honndalssætra og fram igjen til mål. Dette er ei småkupert løype, utan dei brattaste stigningane.

Barneskirenn

I fjor vart det også arrangert eit barneskirenn under Hornindalsrennet. Dette vert også arrangert i år, kjem det fram i pressemeldinga.

Vinnar 2019

I fjor var det André Haugsbø frå Gaular som gjekk av med sigeren i herreklassa under Hornindalsrennet 2019. Bodil Ryste, som også var frå Gaular, vart beste dame. I fjor var det Volda som fekk vandrepokalen til odel og eige etter at klubben hadde beste tremannslag.