Trafikkuhell ved Kjøde - bil på taket

No i morgontimene måndag har ein bil hamna på taket ved Kjøde i Nordfjord.
Nyhende

Det var klokka 07.38 måndag morgon politiet fekk melding om eit trafikkuhell ved Kjøde. Det skal ha skjedd ved avkøyrsel til kraftverket.

Bilen skal ha hamna utanfor vegen og ligg på taket.

Førar var åleine i bilen, og framstår som uskadd.

Naudetatane er på veg til staden.

---

Politiet i Nordfjord måtte i morgontimane måndag ta seg av promillekøyring i Stryn. Det var klokka 05.50 at ei politipatrulje stansa ein varebil, der førar er mistenkt for køyring i påverka tilstand. Førar er tatt med til blodprøvetaking ved Nordfjord legevakt. Vest politidistrikt opplyser at sak er oppretta.