Festbråk på Stadlandet

Natt til søndag måtte politiet rykke ut til festbråk på Stadlandet.

  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

- Eit vindauge vart knust på ein bil og på eit hus. Ein mann skada seg som følgje av dette, og måtte køyrast til sjukehuset for å få medisinsk behandling, opplyser innsatsleiar Roger Gundersen frå politiet i Nordfjord.

Festbråket skjedde i tre-fire tida natt til søndag, og det vert oppretta straffesak.