350.000 kroner til stabbur i Heggjabygda

Nils Einar Sandnes i Heggjabygda har fått 350.000 kroner til restaurering av eit eldre stabbur på garden Sandnes i Heggjabygda.
Nyhende

Pengane kjem frå Kulturminnefondet, som i 2019 delte ut til saman 108 millionar kroner til kulturminne over heile landet.

Stabburet i Heggjabygda, som truleg er frå 1700-talet, skal plukkast heilt ned for å setjast opp att. Det er av lafta tømmer, og nokre av tømmerstokkane skal skiftast ut. Taket skal også renoverast, tilbake til opphaveleg torvtak.

Andre prosjekt i tidlegare Eid kommune som har fått pengar frå Kulturminnefondet i 2019 er ein låve/fjøs i Remmedalen. Det er Olav Kandal som eig denne låven, og han har fått 350.000 kroner til å restaurere den.

Over seks millionar til fylket

I 2019 blei det delt ut litt over seks millionar kroner frå Kulturminnefondet til ulike prosjekt i Sogn og Fjordane.

I tidlegare Eid kommune fekk to kulturminne pengar.

I Stryn kommune var det tre ulike prosjekt, mellom anna 295.000 kroner til kraftstasjonsbygget tilknytt gamle Innvik ullvarefabrikk.

I Vågsøy var det eitt prosjekt som fekk pengar, gamlenaustet i Osmundsvåg, med 400.000 kroner.

I Gloppen var det også eitt prosjekt, eit naust i Skjerdalen med Arne Skjerdal som eigar, ein sum på 200.000 kroner.

Mest til Sogn

Av kulturminne i Sogn og Fjordane var det kulturminne i Sogn som fekk mest pengar, med 2,55 millionar til 15 ulike prosjekt.

Sunnfjord fekk 1,76 millionar til fem ulike kulturminne. Mellom anna 634.000 kroner til Nikolai Astrup si bortgøymde hytte i Sanddalsdalen.

I Nordfjord fekk sju kulturminne til saman 1,75 millionar kroner frå Kulturminnefondet.