Snart klart for fastelavnssøndag og ris

Neste helg er det fastelavnen, og Nordfjordeid sanitetsforening er no klar med fastelavnsris.

Fastelavnsris: Sanitetsforeiningar rundt om er i desse dagar klare med fastelavnsris. 

Nyhende

Kvart år vert det kjøpt fastelavnsris for omtrent 12 millionar kroner i Norge. Inntektene går til samfunnsnyttig arbeid, forsking på kvinnehelse og kvinnesjukdomar.

Når fastelavnssøndagen kjem har lokale foreiningar i heile landet arbeidd i fleire veker for å gjere risa klare for sal. Det er ein stor jobb frå skoging på hausten til du kan kjøpe dei fargerike bukettane.

– Kjøper du eit fastelavnsris bidrar du til å finansiere det frivillige arbeidet sanitetskvinnene utfører i vårt lokalsamfunn i tillegg til nasjonale tiltak, opplyser Hildegunn Olsen i Nordfjordeid sanitetsforening.

Lokalt her har sanitetsforeininga dei siste åra gitt pengegåver mellom anna til Elskug og Eksersis, og Eid kyrkjetun slik at dei fekk kjøpt inn meir utstyr til fredagskafeen for ungdommar.

Stand på ALTI

Det er årsmøtet i Nordfjordeid sanitetsforening som vedtar kva inntektene frå fastelavnsrisa skal gå til.

– I år er det årsmøte tysdag 25. februar. Vi har alle møter på rådhuset i kommunestyresalen, fortel ho.

– Frå laurdag av finn du oss på ALTI Nordfjord alle dagane før fastelavnssøndag 23. februar. I tillegg vil mange av medlemmane selje ris rundt omkring i bygdene og i sentrum av Eid, opplyser Olsen.

Ho oppfordrar alle til å sjå etter det vakre treet deira på ALTI som dei allereie har pynta.

– Tar du kontakt med oss på standen informerer vi gjerne om alle dei ulike oppgåvene vi arbeider med gjennom året, seier Olsen.

Ho konstaterer at dei sjølvsagt har plass til mange nye medlemmer også.

– Som hovudmedlem blir du del av eit kvinnefellesskap som engasjerer seg for andre, fortel Olsen i Nordfjordeid sanitetsforening.