4-5 involvert i slossing

Fire-fem var involvert i slosskamp på Nordfjordeid natt til laurdag.

Innsatsleiar Roger Gundersen.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Det var klokka 02.55 natt til laurdag at politiet fekk melding om slossing utanfor utestaden Magnifikk på Nordfjordeid. Fire-fem personar var involvert.

- Politipatruljen var på staden. Dette er ordensforstyrring som vert følgt opp over helga. Dei involverte er godt kjent av politiet frå før, fortel innsatsleiar Roger Gundersen i politiet.