Gler seg til Nordfjordeid

I fjor sommar under Malakoff var Kristopher Schau på plass i Eidsgata, og bandet hans fekk leggje ned sitt eige kumlokk. Det har skapt varige inntrykk og store forventningar til ny konsert i Gymmen i kveld.   Foto: Arkiv

Nyhende

I kveld kjem The Dogs med Kristopher Schau for å spele i Gymmen.

På nettsida til Operahuset Nordfjord kan ein lese at han har svært gode minner frå sist han var i Gymmen, og ikkje minst då bandet hans fekk leggje ned sine eigne kumlokk på Nordfjordeid under siste Malakoff.

«Vorspiel ved kumlokket og så svetter vi høl i betongveggen på kvelden», spår Kristopher Schau framfor konserten i Gymmen i kveld.