Kulturhuset Gamlebanken

Fargerikt og vårleg

Det er fargerikt og vårleg når Gamlebanken inviterer til ny separatutstilling med Roy Andreas Dahl.

Vårleg: Vandring i Slottsparken av Roy Andreas Dahl er eit av bilda som no er med i ny utstilling i Gamlebanken på Nordfjordeid. 

Fargar: Roy Andreas Dahl har mange fargesterke bilde, inspirert av naturen. 

Nyhende

– No er han tilbake med fargesterke bilde, inspirert av natur, menneske og by. Det er vel verdt å strene ned i Gamlebanken og sjå utstillinga, seier gallerist Arve Espe.

Farespel

Laurdag inviterer Gamlebanken til solfest og opning av utstillinga. Varaordførar Siri Sandvik vil stå for sjølve opninga.

Utstillinga heiter «Fargespel» og kunstnaren frå Sunnmøre kjem med 30 nye bilde med eit mangfald av fargar.

– Dahl har tapt hjartet sitt til Eid og er ein sann Eidaven. Kunsten hans har vore veldig godt motteke her tidlegare, fortel Espe.

Lenge sidan

– Det er lenge sidan Dahl hadde separatutstilling her. Det var med operautstilling då dronninga var her. Og så var han med på utstilling opp mot Sound of Music, elles har han vore her som kommisjonskunstnar, seier galleristen.

I desse tider er det fleire galleri som legg ned rundt om i landet, og Espe vil slå eit slag for galleri og det å gå utstilling.

– Kvifor ikkje gå på kunstutstilling på Eid? Kunst er ein del av kulturen vi lever i. Tilreisande er stumme av beundring når dei kjem innom Gamlebanken. Og trass i det dårlege vêret vi har hatt i det siste, er det mange tilreisande som kjem innom Gamlebanken og er oppglødde for det dei ser her, seier Espe.

Utstillinga til Dahl vert hengande oppe i Gamlebanken til mai.