Solveig Mork Holmøyvik (33) frå Holmøyane

Er manusredaktør i Skald forlag

Solveig Mork Holmøyvik jobbar som manusredaktør i Skald forlag i Leikanger. Ho hjelper forfattarar med å få ferdig sitt bokprodukt.

Solveig Mork Holmøyvik frå Holmøyane likar godt samarbeidet med ein forfattar, som til slutt fører til ei ferdig bok. – Eg har alltid vore glad i språk, og det er ekstra spennande med jobben min no som fører til konkrete historier mellom to permar, seier ho.  Foto: Åsta Urdal

Det er spennande å følgje første utkast til manus fram til ei ferdig bok

Nyhende

1. mars i 2019 starta Solveig Mork Holmøyvik frå Holmøyane, Stad kommune, i jobben som manusredaktør i Skald forlag. Eit lite forlag i Leikanger ved Sognefjorden med berre fem tilsette. Jobben til Solveig er ein kombinasjon av redaksjonelt arbeid og marknadsføring, femti prosent av kvar.