Lesarinnlegg

- Villeiande og ekstremt irriterande om namn

Kommunenamn: Avislesar Jarle Skipenes synest det er villeiande og ekstremt irriterande at Fjordabladet til stadigheit refererer til Stadt om hendingar som skjer på Eid. 

Nyhende

Les i Fjordabladet på nett, ein bil er hamna i fjellveggen på Lote.

Beklageleg dette, men denne hendinga skjedde på Eid og ikkje på Stadt. Dette er villeiande skrevet og ekstremt irriterande at Fjordabladet til stadigheit refererer til Stadt om hendingar som skjer på Eid er unødvendig. Avisa må for all del utvide sin horisont og skrive om ting som skjer i Selje og Stadt, men det blir aldri ein del av Eid ...

Ser på dette som ein krampaktig måte å framstille ting på, nærmast ein fortvilt måte å prøve å rettferdiggjere ein prosess som aldri burde vore fatta. Tippar 90 prosent av befolkninga på Eid er einig i dette.

--------------


Svar frå Fjordabladet:

No er det ein gong slik at det har vore ei kommunesamanslåing frå årsskiftet, og det nye kommunenamnet er Stad.

Det er uvant for oss alle, men det vert dessverre feil å skrive at den aktuelle hendinga skjedde på Lote i Eid, ettersom Eid kommune ikkje lenger eksisterer.

Om hendinga hadde skjedd på Nordfjordeid, så hadde vi sjølvsagt skrive Nordfjordeid.

mvh Ingebjørg Nilsen Stokkenes, redaktør/dagleg leiar i Fjordabladet