Framstegspartiet i opposisjon

Krev lågare ferjeprisar

Frp krev at regjeringa set ned billettprisane på ferjene ved å endre autopassordninga. Kravet kjem i samband med revidert nasjonalbudsjett.

I opposisjon: Frps nestleiar Sylvi Listhaug ber regjeringa om å legge til rette for billegare ferjer. Foto: Terje Pedersen / NTB Scanpix / NPK 

Nyhende

Det skjer berre fem veker etter at tidlegare samferdselsminister Jon Georg Dale frå same parti avviste at staten kunne bidra med meir pengar. Han sa det var fylkespolitikarane som hadde ansvaret for dei høge ferjeprisane og nekta også å leggje føringar på prisnivåa.

Til NTB seier Dale onsdag at det han då avviste, var auka finansiering til fylkeskommunane.

– Fordi eg heller ville gi meir rabatt gjennom Autopass, akkurat slik Frp foreslår no, seier han.

Regjeringa må ta tak

Frp-nestleiar Sylvi Listhaug møtte onsdag fleire Frp-toppar og fylkesleiarar i partiet for å diskutere ferjeopprøret. Ho gjorde det klart at regjeringa no må ta tak.

– I Møre og Romsdal bruker ein store summar på opera i Kristiansund, og i Nordland skal ein bruke millionar av kroner på Bodø som kulturhovudstad. Samtidig blir ferjetakstane auka så det svir for både pendlarar og næringsliv. Vi kan ikkje sitje og sjå på at feilprioriteringar rammar pendlarar og næringsliv i distrikta. Derfor vil vi bidra til å få ferjeprisane ned, seier Listhaug til NTB.

Rabattar

45 ordførarar frå heile landet leverte i starten av januar eit opprop der dei bad staten bidra til å få ned ferjeprisane. Enkelte stader hadde prisane då auka med opptil 45 prosent.

No vil Frp gå gjennom autopassordninga og vurdere å auke rabatten for bilistane.

– Ein auke i autopass-rabatt vil kome pendlarar og næringsliv direkte til gode. Vi kan òg sjå på andre forhold som kan få ferjeprisane meir under kontroll framover, seier Frps samferdselspolitiske talsmann Bård Hoksrud.

Til budsjettbehandling

Sylvi Listhaug sa onsdag at Frp vil kome med krav til dei tidlegare kollegaene sine i regjeringa i samband med det reviderte statsbudsjettet, som blir lagt fram av regjeringa 12. mai.

– Det er privatøkonomien til vanlege folk og bedriftene våre, anten dei er små eller store, som no må ta støyten for at prisane har skote i vêret. Det er uakseptabelt. Vi vil at folk skal kunne ha råd til å bu også der ein er avhengig av ferje, og vi ønskjer best mogleg rammevilkår for næringslivet òg der dei må frakte varene sine over fjorden for å nå marknaden, seier Listhaug. (NPK)