Møte i Eid Pensjonistlag

Kjærleik til heimbygda

Den nyvalde leiaren i Pensjonistforbundet Sogn & Fjordane, Nils Gjerland, var til stades på møtet til Eid Pensjonistlag.

Dagens kåsør: Nils Gjerland var kåsør på Eid Pensjonistlag sitt møte i slutten av januar.   Foto: Privat

Nyhende

Møtet den 29. januar var som vanleg på Eid kyrkjetun. Dagens kåsør var Nils Gjerland. Han starta med å lese eit sjølvskrive dikt, «Snø», der han fabulerte over kva tankar og kjensler snøen, i sine ulike variantar, kan kalle fram. Han kommenterte vidare at reint statisisk så er den 29.januar den kaldaste dagen i året, noko som kanskje ikkje blir opplevd slik akkurat no om dagen! Elles uttrykte han glede over å kome til Nordfjordeid, der han arbeidde på landbrukskontoret ein periode på 70-talet. Han fortalde også om episodar der han som ung rådgjevar i landbruksspørsmål/dyrevelferd opplevde det som krevjande å fronte/overtale garva eidabønder. Men det gjekk seg no til, etter kvart!

Så kommenterte han den nye rolla si som leiar i Pensjonistforbundet Sogn & Fjordane, der han såg det som ei sentral oppgåve å hjelpe til i samanslåingprosessen med Pensjonistforbundet Hordaland til Pensjonistforbundet Vestland, ein prosess som skal vere gjennomført i løpet av 2021. Pensjonistforbundet skal arbeide for pensjonistane sine interesser, og han var litt usikker på om ei samanslåing av dei to eksisterande fylkesorganisasjonane ville vere til det beste for pensjonistane i området. Kanskje dei to organisasjonane kan eksistere vidare som før i det nye Vestland fylke?

Vidare poengterte Gjerland at Pensjonistforbundet arbeider for å få tilbake forhandlingsretten i samband med lønsoppgjera, og elles forsvare rettane til pensjonistane i eit samfunn som er i stadig endring. Han sa elles at han let seg sjeldan provosere, men at han vart skikkeleg provosert av Ole Erik Almlid i NHO som hadde uttalt at pensjonistane måtte skattleggast meir, og at det er for mange av dei! «Kven har skapt Oljefondet?» spurde Gjerland retorisk. Staten er rik, men kommunene er underfinansierte. Det fins nok pengar til å dekke alle innbyggarane sine grunnleggande behov! Men han kommenterte også at klimakrisa kan føre til at vi alle må endre levemåte.

I siste delen av kåseriet var han meir personleg og skildra oppveksten og livet i ei etter måten avstengd bygd som Haukedalen. Han kjende på forvaltaransvaret for ein gard som hadde røter heilt tilbake til før 1600-talet, og fortalde om livet som bonde i 45 år og om kva dette arbeidet hadde gitt han av røynsler og livsvisdom. Sjølv om han var både bonde, organisasjonsmann og politikar, m.a. 8 år som ordførar i Førde, tok han seg tid til å dvele ved små episodar/augneblinkar i kvardagen. Desse kunne i neste omgang gi inspirasjon til små tekstar/ordbilete eller dikt, og han las fleire av desse, m.a. ein tekst om tida, som ein skal ta vel i mot, tida kjem og tida forsvinn… Elles las han diktet «Bjørkeved», om ein far og ei lita dotter som studerte årringane til ein bjørkestubbe, om korleis bjørka fortalde livssoga si.

Nils Gjerland poengterte elles at det er ei anna tid no enn då han voks opp i Haukedalen. Indre Haukedalen var heime, Amerika og Førde var langt borte. Men no har Førde blitt «ein del av oss», Haukedalen har blitt ein del av storsamfunnet! Han filosoferte vidare over at same kvar vi bur, så er vi på den same kloden, på den same reisa gjennom universet og gjer oss kanskje dei same tankane under stjernehimmelen, enten vi no er i Haukedalen eller andre stader. Han avslutta med å lese diktet «Stjernenatt», inspirert av ei stjernenatt i Haukedalen. Bonden, politikaren, diktaren og organisasjonsmannen Nils Gjerland gav også på denne måten uttrykk for kjærleik til heimbygda og korleis denne har vore med på og forma han som menneske.

Etter at leiaren hadde overrekt blomar og takka for eit interessant og tankevekkande kåseri, var det tid for «Ordet fritt». Astrid Henden bad om ordet og kommenterte ein tekst/uttale der pensjonistane vart omtala som ei slags «einsarta masse». Ho sa m.a. at: «Vi pensjonistar skal ikkje puttast i ein sekk, vi er alle ulike og har ulike behov….». Etter ei lita prateykt , var det tid for bordvers og middag, og Dagfinn spelte til bordverset.

Etter at trekninga var gjennomført, orienterte Marit litt om førebuingane til Årsmøtet 2020, og Martha og Thorleif orienterte litt om turen til «Flor og Fjære» ved Stavanger, ein tur over tre dagar, som er planlagt gjennomført ein gong i august. Annonse vil kome i avisa ein gong i mars. Elles vart publikum oppmoda om å kome med framlegg til dagsturar, og at turforslaga kan leggast i forslagskassa på Kringla.

Marit informerte elles om at laget tek sikte på å arrangere basar i mars, før ho takka for frammøtet, ønskte «vel heim» og gav ordet til Irene Wedvik, som avslutta møtet med å lese «Snøen som kom i april».

Du dryssar støtt og legg deg ned

og skjuler mark og tyngjer tre.

Du er visst mjuk og kald og kvit,

når du for første gong kjem hit.

Då ser vi deg som seng og pute,

og iskrystallar på vår rute

Du veks deg vid og brei og djup

og gøymer stein og elv og stup.

Vi glir på deg med blanke ski,

på flatene, og i bratte li.

Men vi tek tak og flytter deg

når du legg deg på vår veg.

Og du er ikkje mykje stas

når du styrtar ned som ras.

Så gjer du også hugen sår

når du er stengsel for ein tidleg vår.

Men so ein sommardag når varme sola skin

Vi lengtar etter snøen, kald og kvit og fin.