126 bilførarar var edru

Då UP hadde storkontrollen på Haugen i Stad kommune onsdag kveld vart 126 sjåførar kontrollerte - alle var edru.
Nyhende

Det var Utrykningspolitiet som hadde kontroll på riksveg 15 ved Haugen onsdag kveld. Alle var edru, men tre fekk forenkla førelegg for mobilbruk.

Politiet har også hatt kontroll på riksveg 15 på Bryggja onsdag kveld. Her vart 99 sjåførarar kontrollerte - også her var alt i orden.

Torsdag føremiddag meldte Vest politidistrikt at eit vogntog stod fast i bakken på Nordfjordvegen ved Langsethøgda. Det blei ein del kø, men vogntoget fekk etter kvart køyre vidare.