4H Sogn og Fjordane

Set demokratiet i fokus

Camilla Nesheim frå Nordfjordeid sit i det nye fylkesstyret i 4H Sogn og Fjordane.

Nytt fylkesstyre: Fylkesstyret i 4H Sogn og Fjordane, frå venstre Ronja Årskaug Vallestad, Mathilde Tjønneland, Camilla Nesheim, Eirik Hortemo Vikøren, Eirik Førde, Emil Barstad og Dianne Eikås.pressefoto 

I 4H har eg lært utruleg mykje.

Nyhende

Sist helg var det årsmøte i 4H Sogn og Fjordane. Over 100 engasjert ungdoma ri salen og mange gode innlegg, lovar godt for eit aktivt 4H-år.

– Vi er klar for eit nytt år med 4H-aktivitetar, styrearbeid og planlegging av nye spennande prosjekt, seier styreleiar Eirik Hortemo Vikøren. Han har teke attval og ser fram til sin tredje periode som leiar for 70 klubbar og 1600 4H-arar frå fylket.

– Det er som å vere på «nivå 2». Nå veit eg kva som ventar, og kan tenkje mykje lenger fram enn i fjor, fortel han engasjert. Eirik Vikøren kjem frå Sogndal, og har vore aktiv i 4H sidan han var liten gut.

Mange aktivitetar

– I 4H har eg lært utruleg mykje om svært mange forskjellige tema, men aller mest om organisasjonsarbeid, leiarskap, demokrati og samarbeid.

Dette året skal Eirik og resten av styret arrangere nattvolleyballcup, kurs og leir for medlemmane. Samstundes utarbeider styret nye mål for organisasjonen.

– Vi ønskjer å knyte mykje sterkare band mellom klubbane og fylkesleddet. Ein tett og god dialog vil styrke demokratiet, gjere tiltaka som fylket set i gong mykje betre og auke deltakinga på 4H Sogn og Fjordane sine arrangement seier han.

Desse er valt inn i det nye styret: leiar Eirik Hortemo Vikøren (32), Sogndal, styremedlemmar er Ronja Årskaug Vallestad (17), Sunnfjord, Eirik Førde (22), Gloppen, Camilla Nesheim (35), Stad og Mathilde Tjønneland (18), Sunnfjord.