Snart klare for premiere på «Daude blomar» ved Selje skule

Lagar kabareten sjølve

Når 10. klassetrinn ved Selje skule set opp kabareten «Daude blomar» har dei laga alt frå manus til dansetrinn sjølve.

I morgon er 25 elevar i 10. klasse ved Selje skule klar for å gå på scena i kabareten «Daude blomar». Der det blir skodespel, song og dans. Samt musikk frå to rockeband.   Foto: Selje skule

Alle elevane har bidrege med å skrive sin del av manus til historia som blir avslørt i Selje samfunnshus i morgon.   Foto: Selje skule

Nyhende

Kvart år set elevane ved valfaget Sal og Scene, Selje skule, opp ein kabaret i Samfunnshuset i Selje. Det er 10. klasse som har denne tradisjonen, og i år skal 25 elevar vere med. Det betyr at alle elevane ved dette siste årstrinnet har valt dette valfaget.

Rolling Stones

Kabareten har i år fått namnet «Daude blomar» etter songen «Dead flowers» av den legendariske rockegruppa Rolling Stones. Denne songen har elevar ved skulen oversett frå engelsk til nynorsk, og den blir framført både på nynorsk og engelsk. Gjennom kabareten er det ei blanding av både musikk som dei unge høyrer på i dag, og musikk som kanskje foreldra, eller besteforeldra, kjenner betre til.

–Vi har hatt om ulike musikksjangrar og musikkhistorie i musikktimane. På den måten har dei lært å kjenne til musikken som kanskje ikkje blir mest spelt av dei unge i dag, forklarar lærar Marilyn Osmundsvåg.

Tek ansvar

Elevane har hatt valfaget Sal og Scene med ein time i veka sidan skulestart hausten 2019. Dei har vore delt inn i ulike grupper som har jobba med manus, kostyme, rekvisitt, musikk, song, dans, lyd/lys og sminke. I tillegg har alle elevane fått ei rolle på scena.

–Alle gruppene har ein leiar som tek ansvar. Så har alle leiarane sine møter der dei koordinerer arbeidet og lagar planar framover. Vi opplever at det er elevane sjølve som tek ansvar og ordnar opp. Til dømes med å hente inn kostymer og rekvisittar som måtte mangle. Vi har eit mindre kostymelager til rådvelde, men ofte treng ein litt meir, seier Osmundsvåg som no er inne i siste innspurt før premieren i morgon. Torsdag kveld blir første framsyning, og så blir det også høve til å sjå dette på fredag.

Populært

Kvart år når denne musikalen blir sett opp brukar det å vere fullt hus i Samfunnshuset i Selje. Kabareten er i to akter med pause i mellom. I pausen blir det servert mat, og det er foreldra som står for arbeidet med denne kaféen.

Kjærleik

Alle elevane har vore med på å skrive manus, og i år skal det handle om ytterpunkt som til dømes bankran og kjærleik.