Bil i fjellveggen på Lote

Ein bil har køyrd i fjellveggen på Lote i kveld.
Nyhende

Det var klokka 19.29 onsdag kveld at naudetatane fekk melding om ein bil som har køyrt utfor vegen og har hamna i fjellveggen i nærleiken av fergekaia på Lote i Stad kommune. Airbag vart utløyst, og ulykka skal ha skjedd i ein sving.

Det skal ha vore ein person i bilen, ein mann i 60-åra, men sjåføren skal ikkje vere skadd. Politiet opplyser at det ikkje er mistanke om nokon påvirkning.

Politiet er på staden, og no skal trafikken flyte greit forbi.

Det skal vere glatt vegbane på staden.