Får testa kapasiteten

Mykje nedbør og høg flo

Stad kommune førebudde seg i går på at det ville bli ekstremt høg vass-stand.

HØG FLO OG REGN: Dei siste dagane har det vore ekstra høg vass-stand, men heldigvis ikkje i kombinasjon med vind. Foto frå søndag: Thorleif Jakobsen 

Nyhende

Einingsleiar for kommunalteknikk i Stad kommune Hans Peter Eidseflot var veldig glad for at det var lite vind, og at den vinden som var meldt var litt meir austleg, noko som er gunstig med tanke på vatn frå fjorden inn mot Sjøgata og Nordfjordeid sentrum.