Stiller opp når det uventa skjer

I kriseberedskap

Sanitetskvinnene har signert samarbeidsavtale med Stad kommune om omsorgsberedskap.

SIGNERTE AVTALE: I samband med kommunestyremøtet i Stad torsdag var det signering av fireårig beredskapsavtale mellom kommunen og leiarane i sanitetslaga. Frå venstre: ordførar Alfred Bjørlo (V), Gerd Endal frå Selje, Liv Stokkenes Jacobsen frå Nordfjordeid, Marit Nore Sørhaug frå Bryggja og leiar i sanitetsforeiningane si styringsgruppe som gjeld omsorgsberedskapen i Stad, Ragnhild Bjørlo. Framme er Astri Elvebakke frå Kjølsdalen sanitetsforeining i ferd med å signere. 

Nyhende

Omsorgsbereskap inneber at dei forpliktar seg til å syte for hus, mat og omsorg til dei som har behov for det i samband med ulukker, kriser og katastrofar.