Standardheving på FV 5744

Betre veg til Heggja bru

På fylkesvegen frå Fossebakken til Heggja bru har det sidan september i fjor vore i gang eit omfattande oppgraderingsarbeid.

KVEEN ER ENTREPRENØR: f.v. Pål-Anders Rindal, Stig Arne Bugjerde. Her er det laga ny stikkrenne, sett ned samlekum og laga mur. ALLE FOTO: Per Ole Lefdalsnes (POL) 

Dei ulike tiltaka har ein kostnad på om lag 10 millionar kroner

Nyhende

Det er byggjeleiarar i Statens vegvesen, Stig Arne Bugjerde og Pål-Anders Rindal, som har vore ansvarlege for prosjektet, som no nærmar seg avslutning. Berre litt finpuss som skal gjerast til våren, står att. Kveen AS frå Stryn har vore entreprenør for arbeidet, og har hatt 6-7 mann i arbeid sidan i haust.