– Det er kult å dyrke sin eigen mat

– Dette treff rett inn i grunnen til at vi flytta hit. Det er veldig kult og hyggjeleg å dyrke sin eigen mat.

GODE HAGERÅD: Tore Aabakken og Vivian Steinsåker har flytta frå Oslo til småbruk i Nordfjord der dei er godt i gang med å dyrke eigen mat. På hagedagen fekk dei gode råd frå føredragshaldar Maria Berg Hestad (t.h.) om drivhus og korleis ein kan dyrke grønsaker på ein enkel måte i ein travel kvardag. Alle foto: Anna Wuttudal 

Dei unge er meir miljøbevisste

Nyhende

Det seier Tore Aabakken som saman med Vivian Steinsåker var to av kring 200 hageinteresserte som var til stades for å la seg inspirere i Operahuset laurdag. Tore og Vivian flytta frå Oslo til småbruket på Blakset for to og eit halvt år sidan. Dei er allereie godt i gang med å dyrke gulrot og jordskokk, og dei har hatt stor suksess med å dyrke bondebønner og salat. Dottera på tre år tykkjer det er kjempestas å ete sjølvdyrka gulrøter og å knaske eigenprodusert salat, som er mykje betre enn den som ein får kjøpt på butikken.