‒ Det gjekk fint

Sjøen gjekk litt inn på Sjøgata då floa var på det høgaste i natt, men det var heldigvis vindstille.  Foto: Anna Wuttudal

Det fossa opp frå kummar både ved Osbrua og ved Sjøgata/Hola.  Foto: Anna Wuttudal

Det var ikkje alle som brydde seg om at området bak nausta ved elveosen stod under vatn.  Foto: Anna Wuttudal

Lampane på gangvegen langs elveosen ved Felleskjøpet var nesten heilt dekte av vatn.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Vatnet gjekk litt inn på Sjøgata på det lågaste punktet ved Hola, gangstien og området mellom elveosen og nausta stod under vatn og det fossa opp frå nokre kummer i Nordfjordeid sentrum då vass-standen var på det høgaste kring midnatt.

Det mest spesielle var at det var uvanleg mykje trafikk i sentrum, spesielt i Sjøgata, både av bilar, huseigarar og andre folk som hadde teke seg ein sein kveldstur for å sjå på at sjøen steig.

Einingsleiar for kommunalteknikk i Stad kommune Hans Peter Eidseflot opplyser at det er lite og inkje å melde om både i indre og ytre deler av kommunen.

‒ Vi hadde folk ute i Sjøgata i natt og der gjekk det fint, sjølv om nivået var svært høgt. Det er også tilbakemeldingane eg har fått frå Selje. Vakthavande på brann har heller ikkje fått henvendingar frå private om problem / behov for bistand, seier Eidseflot.


Får testa kapasiteten

Mykje nedbør og høg flo

Stad kommune førebudde seg i går på at det ville bli ekstremt høg vass-stand.



Høg vass-stand på Nordfjordeid i dag

Thorleif Jakobsen har teke seg ein runde med fotoapparatet sitt i dag for å dokumentere den høge vass-standen.